Tekst og foto: Chris Erichsen
Norsk Telegrambyrå 14. desember kl. 21.27: ”Beslutningen om å ansette Ulfsby ble tatt på et styremøte mandag kveld. Da ansettelsen ble offentliggjort, var det sterke følelser i sving. Avtroppende teatersjef Vidar Sandem hamret neven i bordet og raste mot pressen. Han mener media har pisket opp stemningen rundt ansettelsen, blant annet ved å kritisere teateret for å ha blitt for kommersielt. En fåmælt og tilknappet styreleder, Magnus Rindal, redegjorde for begrunnelsen og nektet så å ta individuelle intervjuer. Han forlot pressekonferansen, tilsynelatende sterkt opprørt, umiddelbart etter at den første fellesdelen var over.”
Sitatet fortel mykje om kva for krefter som var i sving på Det Norske Teatret i fjor. Ein pressa økonomi, ein teatersjef som trakk seg før han hadde byrja i jobben, ein omstridt tilsetjingsprosess, intern splid på huset og ikkje minst: Kritikk og debatt i alle kanalar om teatret sin kunstnarlege profil og samfunnsmessige forpliktingar. Etter to åremålsperiodar måtte Vidar Sandem påta seg eit år til som teatersjef i påvente av at Erik Ulfsby tek over frå og med 1. januar 2011.
- Du var ikkje mykje til stades i offentlegheita då det storma som verst?
- Eg tenkte mykje på det, men eg måtte ta eit val. Skulle eg forhalda meg til alt som pressa, og andre, bar fram hadde eg ikkje hatt tid til å gjera jobben min. Eg såg inga moglegheit til å trenga gjennom for å retta opp alle usanningane. Eg måtte bruka alle kreftene mine på organisasjonen, og då fekk heller alle usanningane stå ubesvarte. Eg veit ikkje om det var riktig av meg, men det var no det eg gjorde. Så fekk heller dampen kome ut då vi endeleg hadde ein ny teatersjef på plass.
Kunstnarleg og samfunnsmessig
På veggen i korridoren i 6. etasje heng det gamle teatertegninger frå avisene, ei klår røyst les opp dagens prøveplan over høgtalaren, påtroppande teatersjef Erik Ulfsby ruslar forbi med ein kopp kaffe i handa. Eg møter Vidar Sandem inne på kontoret hans.
I debatten på scenekunst.no før jul skreiv regissør og kunstnarisk leiar ved Dramatikkens hus, Kai Johnsen, m.a.: ” Teater, slik jeg lærte å kjenne det, definerte seg ut fra en samfunnskontrakt – teater er viktig for å bidra til mange ”samtaler” i et samfunn, for å utfordre til pluralisme, sammensatthet, kompleksitet, oppsøke det uforståelige, adressere meningsløsheten osv.”
- Kva er Det NorskeTeatret si kunstnarlege og samfunnsmessige oppgåve?
- Det Norske Teatret er eit stort teater, Norges største. Vi får store midlar frå staten. Vi har eit ansvar for å vera viktige for eit stort publikum, med noko vi synes er viktig – kvar gong! Repetisjon vil vi ikkje. Repetisjon er kunstfiendtleg. Vi gjer alt vi kan for å vere nyskapande i alle sjangrar. Vi ønskjer at publikum skal forhalda seg aktivt til det dei ser. Det kan best illustrerast ved å ta ein kikk på kva vi set opp, til dømes dei utskjelte musikalane som eg er svært stolt av: Jungelboka trakk eit ungt, fleirkulturellt publikum og fekk slik ein brobyggjande effekt. Med Jesus Christ Superstar har vi brote mange forventningar. Vi gjekk bort frå leirkrukkene og kjortlane, trakk Jesusfiguren inn på Plata i Norge i 2010 og spurte: Kven ville han ha vore saman med? Kven ville han ha brydd seg om i 2010? Du ska få en dag i mårå var ei humanistisk forestilling med høg kunstnarisk verdi. I 2009 hadde vi 7 urpremierer og 5 norgespremierer. Og det i eit svært vanskeleg år der vi måtte foreta ein stor snuoperasjon for å få økonomien på fote. Det er sensasjonelt bra! I tillegg hadde vi Den unge scenen, Dramatikkfestivalen med berre nyskrive norsk dramatikk og Prøvesalen. Vi skal vera eit opent hus, eit kunstnarisk teater kor ein finn både det store, breie uttrykket og det såkalla smale.

"Repetisjon er kunstfiendtleg"
- Du nemner Prøvesalen, blei ikkje den nedlagt?
- Nei, det er ein av fleire mytar som har fått lov å festa seg. Den har ikkje vore nedlagt, og den skal ikkje leggjast ned. Der hadde vi m.a. norgespremiere på Så blir det stilt av Arne Lygre. På Prøvesalen skal vi produsere annleis i framtida, mellom anna med kortare prøvetid og eit enklare oppsett. Dette har vi tru på, og vi kjem til å ha svært stor aktivitet der frå hausten av.
- Korleis har den tronge økonomien påverka repertoaret?
- Den har ikkje påverka repertoaret. Det har gått som planlagt, men vi har gått gjennom heile huset og kutta der det har vore mogleg. Vi har m.a. redusert antall årsverk. All merksemda om Jesus Christ Superstar har gjort at det har spreidd seg ei myte om at vi er blitt kommersielle og kunstnarleg forflata. Sjå her: Andvake av Jon Fosse, Så blir det stilt av Arne Lygre, Lys av Lars Norén, Andromake av Racine i Jon Fosse sin versjon, Sur grus av Erlend Sandem, Den store landevegen av August Strindberg. Det var, blant meir, repertoaret i 2009. Det skal godt gjerast å kalla det kommersielt. Difor tilta eg litt på pressekonferansen då ny sjef blei presentert.
Snuoperasjon
- 2009 har vore eit slitsamt men fantastisk år for oss, med 15,5 millionar i overskot. Vi er rett og slett Norges mest besøkte teater. Snuoperasjonen er gjennomført og vi har klart å kome ut på den andre sida med den kunstnarlege integriteten i behald. Eg er stolt av den jobben vi gjer og av at vi, midt i fjorårets turbulens, klarte å halda fokus.
- Korleis er tilhøvet mellom styret og teatersjefen i dag sett i høve til for til dømes 20 år sidan?
- Styret legg seg ikkje opp i den kunstnarlege drifta. Det har eg aldri opplevd. Styret si oppgåve er å sørgja for ein sunn økonomi. Men det er sant at vi over tid er blitt meir pressa. Men det har fyrst og fremst samanheng med at vi ikkje har fått full løns og priskompensasjon frå staten.
"Vi har fornya publikummet"
- Korleis er konkurransesituasjonen, kampen om publikum, teatra mellom i Oslo?
- Ei gamal undersøking viser at Nationaltheatret har sitt nedslagsfelt hovudsakleg i Oslo vest, Oslo Nye i aust og Akershus opp mot Lillestrøm medan Det Norske Teatret ikkje har same geografiske tilknyting men eit relativt høgt utdanna publikum. Det nye no er at vi har fått eit stadig større tilfang av unge menneske. Dei kjem ikkje som resultat av masseinnkjøp til skulane men dei kjøper sine eigne billettar på same vis som når dei går på kino. Vi har fornya publikummet dei seinare åra. Og slik ungdommen strøymer til Det Norske Teatret i dag, trur eg nesten eg vil seie det er ei revolusjonerande utvikling.
Oklahoma
- Det har vel med Jungelboka og Jesus Christ Superstar å gjera?
- Kva så? Desse musikalane genererer ungdom til dei andre framsyningane våre. Dette veit vi. Og, skal ein tru pressa, og andre, er musikalar noko nytt på Det Norske Teatret, noko vi har funne på no for å tena pengar. Eg vil difor minna om at den fyrste musikalen på DNT blei sett opp i 1949, Oklahoma, av dåverande teatersjef Hans Jacob Nilsen, sett i scene av Sveinåge Larsen. Nilsen var den store helten for mange unge menneske, og difor er det morosamt at det var nett han som starta med det. Teatret var statsstøtta da og! Og dei 60 åra etter det har vi spelt musikalar kvart år, seier Vidar Sandem.
Etterskrift:
I eit innlegg i Aftenposten same dagen som eg møtte Vidar Sandem går representantar for alle delar av det kunstnarlege personalet ved Det Norske Teatret opp igjen spora frå i fjor og kritiserer styret for å lata dei tilsette ta støyten for styrets manglande styring.
Det slår meg at i denne samanhengen må Vidar Sandem sjølv reknast som ein av dei tilsette. Men korleis han eigentleg har opplevd denne tida får vi nok ikkje veta på lang tid enno. Når eg tilbyr han å kommentera innlegget frå dei tilsette, takkar han høfleg nei. Det har han ikkje lov til.
Nyheter: